23948sdkhjf

Fagarbeidarane nøkkelen til å effektivisere industrien

Kompetanse var nøkkelord når Norsk Industri og ei rekke andre arrangørar samla over 300 industrivener til INDUSTRI2014 i Bodø. Med dette har konferansen etablert seg i Nordland som eit av dei største nasjonale samlingspunkta for industrien.
Effektivt aluminiumsverk midt i byen

Alcoa brukar to prosent av norsk straum på å lage aluminium. Verket i Mosjøen er eit av dei mest effektive i verda, takka vere kontinuerlig effektivisering. Teknologien på aluminiumsverket er ikkje av dei nyaste, men personalet har gjennom dei siste tiåra effektivisert drifta gradvis. Og det trengs, for dei amerikanske eigarane krev at aluminiumsverket fortset å levere resultat i verdsklasse.

- Om vi seier at vi i dag brukar ein time på å produsere aluminium, skal denne tida kortast ned til 42 minutt. Det vil bety færre årsverk, men reduksjonen vil kome ved naturlig avgang. Forbetringane i Alcoa kjem nedanfrå, og bedrifta treng difor fleire gode fagarbeidere som kan bidra i effektiviseringa av verksemda for å fortsette utviklingen av bedriften, fortalte HR-direktør Rachel Berg i Alcoa.

I tilleg til HR-direktøren fekk vi høyre frå Siw Solli som jobbar som fagarbeidar hos Alcoa. Solli fekk høyre om bedrifta allereie i barnehagen, og valgte Alcoa av di dei tilbyr trygg jobb der ho er med å skape eit viktig produkt, god lønn og gode karrierevegar. I Alcoa kan ho seinare ta ingeniørutdanning på deltid. Og med kombinasjonen fagbrev og ingeniørutdanning vil ho bli ettertrakta på ingeniørmarknaden.

Naudsynt å utdanne fleire realistar og teknologar

Medan HR-direktør Rachel Berg frå Alcoa representerte prosessindustrien så representerte styreleiar i Norsk Industri, Kjersti Kleven, verftsnæringa. Styreleiaren fokuserte på at industrien må gjere seg meir attraktiv som ein stabil karriereveg for unge.

- Vi må ha is i magen når det gjeld nedskjeringane i oljebransjen. Dette handlar om at oljeindustrien er nødt til å kutte kostnader tilliks med kva resten av industrien har gjort i årevis. Og dei kan kanskje lære noko av resten av industrien som har måtta hatt kostnadsfokus for å vere konkurransedyktige.

Kleven tok og opp dimensjonering av dei ulike utdanningsprogramma, der Noreg ligg langt etter våre naboland når det gjeld andelen av befolkninga som har utdanning innanfor teknologi eller realfag.

- Det må bli slutt på at etterspurnaden frå ungdomen skal styre dimensjonering av utdanningsprogram. Det er rett nok vanskeleg å spå utviklinga i arbeidsmarknaden, men teknologisk utvikling vil vere sentral for at industrien i Noreg skal være konkurransedyktig og sikre velferda. I tillegg vil industrien vere sentral når vi må handtere klimautfordringane, i følgje Kjersti Kleven.

Kleven etterlyser betre samarbeid

Ein kjepphest for Kleven er betre samarbeid mellom skule og næringsliv. Her må skuleeigar ta eit større ansvar slik at ansvaret for samarbeid ikkje blir opp til lokale eldsjeler. I Ulsteinvik har ein no lang erfaring med kompetanseutveksling mellom bedrifter.

- Vi har gått frå å drive kretsmeisterskap til å delta i verdsmeisterskap. Det gjer noko med korleis du ser på kompetanseutveksling med naboen, og dette har sikra at vi i Ulsteinvik er konkurransedyktig internasjonalt, avslutta Kleven.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.078